Tags

, , , , ,

Var der da ikkje ei einaste hand som rette seg ut etter di den gang da grunnen under din fot for alvor tok til å gli – ?

Nå står vi her tomhendte alle i hop og ser mot ei attlæst dør. Vi skulle ha bydd deg all varme vi eig. Vi skulle ha gjort det litt før. Den einsame gjekk frå si einsemd til slutt. Den frosne har frose i hel. Var der da ikkje på jorda ein som kunne ha stått di sjel så nær at han vàrde deg med sin eld mot kulden ?
– Din død gir svar.

Du stod nok og såg deg i kring før du gjekk, men eld vart du ingen stad vàr.

 Så mange blir drivne i døden no som berre mot livet trår. Men du var ein døds-friviljug. Du bøygde deg, trøtt og sår, mot døden og bad at du måtte bli løyst, og no har han gjort som du bad.
Ein “takk” var vel siste òm av di røyst da varsamt han bar deg av stad.

 Vi veit det: vi kan ikkje syrgje for di skuld. Du sjølv har vàlt. Det er berre det: no når du er sløkt sansar òg vi kor kaldt det kjennes i kring oss. Det var just deg vi ville hatt med oss i kveld,
og frysande, einsame søker vi inn mot det du har skapt her av eld

~ Haldis Moren Vesaas

grav