Tags

, ,

Kjærasten min
ser uroleg på meg,
ho undrar og spør:
kva er gale med deg?

Eg ser ned i golvet,
nei, eg veit ikkje, eg,
så spør ho direkte:
er det andre enn meg?

Eg fryktar det verste,
at ho vert forbanna,
men seier som sant er,
det er også ei anna.

Då knekk jenta i hop,
ho tek til å grine,
ho spør meg forviten:
kva heiter det svinet?

Nei, ikkje ver trist,
kom no bort her,
for det er ikkje slik
du trur at det er.

Ho svarar med sinne,
du er meg ei klyse,
allting er øydelagt,
du har ført meg bak lyset.

Det er sant, dessverre,
må eg svara ho blidt,
det fins nok ei kvinne,
som har plaga meg litt.

Det stemmer nok det,
at eg har ei a’n,
men ikkje grin, kjære deg,
det er mor mi, for fa’n.

~ av Jon Hjørnevik
fra Mor mi står i glaset.

crying woman