Tags

, , , , ,

Dette diktet, lærte jeg på Jakob Sande-kvelden, var et av de diktene Jakob Sande selv syntes var blant de beste han hadde skrevet.

sunset-614853_640

Hesten på Utvær

Det levde ein hest utpå Utvær øy,
~ dei kalla ham Gråen Gamle.
Han levde sitt liv på vatn og høy,
og no var han gamal, men før han fekk døy
og heim til sine samle
han måtte på sjøen ramle.

Det hende ein haustdag med hustre ver
~ i fjella timde dei snøen ~
at Gråen gjekk ute på svaberga der
og beitte seg ned mot dei sleipe skjer
som ligg under heimebøen
og stupna bardus i sjøen.

Ei ramling i berget ~ so kom det eit brak
so høgt det i heia dunde.
Og Gråen var frampå med annsame tak,
men var ikkje skodd, han fall att og bak,
og halvkjøvd av sjø han stunde
med augo av redsla runde.

I stova sat gardsfolket, varmt og trygt
og småsov den dimme døkken.
Men brått vart dei vekte av noko stygt,
ut for dei alle og lyste med lykt,
og tenkte på draugen og nøkken.
So fekk dei den store støkken.

Dei skyna såpass at mot slik kommers
var våpenet huspostillen.
So stødde dei under med salmevers,
for no skulle, betterdø, draugen til pers,
den helvetes krokodillen
som rugar ut pestbasillen.

Og uroa vart både hund og katt
med lesing, bøn og synging.
Dei stridde mot skrymtet til langt på natt,
men vart ikkje kvitt det, for støtt kom ho att
denne rastlause, døyvde dynjing
blanda med kaldsleg stynjing.

Slik enda den strid mellom draug og hest
at Gråen gav opp, mismodig.
Med hovane framme var avslitne mest,
slipte mot berget til siste rest
so beinpipa lyste blodig
mot tangvasen, mykt og frodig.

Å lese Guds ord er so god ein skikk,
~ å synge det og, forresten.
Gud unne oss alle til siste nikk
å oppfylle skrifta til punkt og prikk,
og stø oss til Ordet og presten.
~ Men Herren forbarme hesten!

~ Jakob Sande, fra diktsamlingen Sirius (1955)