• Bøker i minnebanken
    • 2025
    • 2024
    • 2023
    • 2022
    • 2021
    • 2020
    • 2019
    • 2018
    • 2017
    • 2016
    • 2015
    • 2014
    • 2013
    • 2012
    • 2011
    • 2010
    • 2009
  • Forfatteroversikt
  • 1001 bøker
  • Leseutfordringer
  • Arkiv
  • Om meg

Betraktninger

~ tanker om bøker

Betraktninger

Tag Archives: Moses

Legende

13 mandag jul 2015

Posted by astridterese in Dikt

≈ Leave a Comment

Tags

den røde pyramiden, Dikt, jakob Sande, korn og klunger, Moses

Moses

Legende

Moses opplyfte sin lange stav
og skilde Det raude hav.
Frå strand til strand stod ein vasskanal
romsleg som Jordans dal.
og Moses ropte: Fylg på, fylg på!
Farao kjem, og Gud hjelpe oss då
om ikkje vi alle er langt her ifrå
på veg mot det lova landet.

Og taktfast til tonar av horn og lur
skreid flokk på flokk til havs etter tur
rettleid av prestestandet.
Kamelane vogga i vyrdeleg gang
men glei opp-på sleipe maneter og tang
og skreik so dei skremde smalen.
Hokrande på sine lange bein
smatt krabben i ly under tarestein,
og hummaren slo med halen.

Men inn for den vassblanke, håle mur
stod fisken som attom eit spegelglasbur
og bisna på denne skreia.
Storkveita låg der i kongeleg ro
men flundra var sakte meir nyfiken, ho,
og våga seg heilt fram i leia.
Det glimta i buken på steinbit og ål,
og hysemor storma so vyrdlaust mot mål
at knapt ho fekk snu før ho landa.
Seien kom sendande, smellfeit og gild
og jaga fram stimar av fin kokesild
som mest kunne takast med handa.

Men då kom det liv i smågutane der!
Reint styrlause vart dei, som rimeleg er,
og uråd å halda i age.
Dei skreik: Onkel Moses, ver nådig no,
stans opp, og gjev katen i Farao,
han får nok ei ny landeplage!
Og Moses, forstandig og barnekjær,
fann ut at det var likast å fire her,
og dermed lyfte han luren:
Eit jubelrop helsa det klåre signal,
og smågutenevar i tusental
slo inn i den våte muren.

Vassdrivet stod som ein fossesprut
kvar gong ein lyr eller sei drog ut
og inn på det turre hala.
Men han som fyrst kloa i storkveita slo,
laut påkalle hjelp både ein gong og to
før trygt ho i tanga sprala.
So dunga då fisken seg litt etter litt,
ja, jamvel dei minste var frampå med sitt,
som bladsild og småmakrelar.
Og då dei så trøytna og gav seg med kvart,
då synde det seg at det samanlagt vart
ei føring på fem pakk-kamelar.

Det vart vel ein kveld i Arabialand
med steinmura gruer på skjelkvit sand,
og fresing i steikepanna.
Kvar einskild fekk ete seg stappande mett
og sutalaust velje sin eigen rett,
og etterpå vanka det manna.
Men tett under land steig det bobler opp,
der Farao låg, den forvorpne kropp,
med hestar og generalar.
Og difor skal Herren skje takk og pris
som fører sitt folk på forunderleg vis
til song i Judea dalar!

~ Jakob Sande, fra Korn og Klunger (1950)

november 2025
M T O T F L S
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
« aug    

Leser nå

Sengelektyre

Ebok

2025 Reading Challenge

2025 Reading Challenge
Astrid Terese has

read 196 books toward her goal of 450 books.

hide

196 of 450 (43%)
view books

Tegneserier

26 / 200 tegneserier. 13% done!

Ebøker

15 / 30 ebøker. 50% done!

1001-bøker/klassikere

1 / 12 1001-bøker/klassikere. 8% done!

Bøker fra egen hylle

26 / 100 bøker fra egen hylle. 26% done!

Astrid Terese’s books

Håpets vinger
really liked it
Håpets vinger
by Natalie Normann
Drømmen som brast
really liked it
Drømmen som brast
by Natalie Normann
The Cat Who Saved Books
really liked it
The Cat Who Saved Books
by Sōsuke Natsukawa
Zero In
really liked it
Zero In
by Dean Koontz
Corkscrew
really liked it
Corkscrew
by Dean Koontz

 


goodreads.com

Goodreads

Blogger jeg følger

RSS Artemisas verden

  • Det gode menneske i Sandvika av Vigdis Hjorth. En perle av en roman.

RSS Bentebing’s weblog

  • Lucy ved havet

RSS BokBloggBerit

  • Oppsummering oktober 25

RSS Boktanker

  • Vi er ikke her for å ha det morsomt

RSS Bøker, bibliotek og annet babbel

  • Lesemåned oktober 2025

RSS Diabilitas dypdykk

  • Smakebit på en søndag

RSS Ebokhylla mi

  • Bøker lest i september

RSS Elikkens bokhylle

  • Gullungen, av Gunn Marit Nisja

RSS Flukten fra virkeligheten

  • Sanders av Tor Åge Bringsværd

RSS I bokhylla

  • Helgelektyre(718)

RSS I Ninas bokverden

  • «Kattenapperen» av Endre Lund Eriksen og

RSS Jeg leser

  • We Used to Live Here ~ Marcus Kliewer

RSS Kleppanrova

  • Olafsdottir Audur Ava, "Stiklingen"

RSS Lesehesten fra Sørlandet

  • Rydding på bloggen

RSS Leselukke

  • Endeleg meir Fin Macleod - Peter May er tilbake på Hebridane

RSS Min bok- og maleblogg

  • Dagfinn Johansen: Herleik. En roman om pest og kjærlighet 2024

RSS Moshonista

  • 2021: UKE 2

RSS My first, my last, my everything

  • Månadslesing #125 | Oktober i bøker

RSS Så rart

  • Samlesing Bokbloggerprisen: Hør her´a

RSS Tine sin blogg

  • Rust sover aldri - et skuespill av Pedro Carmona-Alvarez

RSS Tones bokmerke

  • Mørke: stjerner, redsel og fem netter på Finse av Sigri Sandberg

RSS Tulleruska’s World

  • Oppvåkningen

RSS Ågots bokblogg

  • Ann Cleeves: High Island Blues

Profile for englene

Siste kommentarer

  • Smakebit ~ Hounded | Betraktninger til Tricked og Trapped av Kevin Hearne
  • Kari til Smakebit ~ Kongen og klokkemakeren
  • Knut Sparhell til Iskald av Agnes Lovise Matre
  • Guden av Jørgen Jæger – Lottens Bokblogg til Guden av Jørgen Jæger
  • Paula Merio til Smakebit ~ The Cautious Traveller’s Guide to the Wastelands

Meta

  • Logg inn
  • Innleggsstrøm
  • Kommentarstrøm
  • WordPress.org

Besøkende

Flag Counter

Stikkord

1001 bøker barnebøker betraktninger Bilder boken på vent Boktema bøker Charles Dickens Dikt Douglas Adams dystopi england familie fantasy favorittforfatter Haruki Murakami historisk roman Humor japan jul kjærlighet krim kriminalroman krim lest i 2012 krim lest i 2013 musikk Neil Gaiman norge noveller poem poetry politi-krim roman sci-fi science fiction sitat smakebit på søndag Stephen King sverige tegneserie thriller ungdomsbøker USA what are you reading you tube

Proudly powered by WordPress Theme: Chateau by Ignacio Ricci.