Tags

,

DrømDet er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje –

at tidi skal opna seg,

at hjarta skal opna seg,

at dører skal opna seg,

at berget skal opna seg,

at kjeldor skal springa –

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge