Tags

, , , ,

Moses

Legende

Moses opplyfte sin lange stav
og skilde Det raude hav.
Frå strand til strand stod ein vasskanal
romsleg som Jordans dal.
og Moses ropte: Fylg på, fylg på!
Farao kjem, og Gud hjelpe oss då
om ikkje vi alle er langt her ifrå
på veg mot det lova landet.

Og taktfast til tonar av horn og lur
skreid flokk på flokk til havs etter tur
rettleid av prestestandet.
Kamelane vogga i vyrdeleg gang
men glei opp-på sleipe maneter og tang
og skreik so dei skremde smalen.
Hokrande på sine lange bein
smatt krabben i ly under tarestein,
og hummaren slo med halen.

Men inn for den vassblanke, håle mur
stod fisken som attom eit spegelglasbur
og bisna på denne skreia.
Storkveita låg der i kongeleg ro
men flundra var sakte meir nyfiken, ho,
og våga seg heilt fram i leia.
Det glimta i buken på steinbit og ål,
og hysemor storma so vyrdlaust mot mål
at knapt ho fekk snu før ho landa.
Seien kom sendande, smellfeit og gild
og jaga fram stimar av fin kokesild
som mest kunne takast med handa.

Men då kom det liv i smågutane der!
Reint styrlause vart dei, som rimeleg er,
og uråd å halda i age.
Dei skreik: Onkel Moses, ver nådig no,
stans opp, og gjev katen i Farao,
han får nok ei ny landeplage!
Og Moses, forstandig og barnekjær,
fann ut at det var likast å fire her,
og dermed lyfte han luren:
Eit jubelrop helsa det klåre signal,
og smågutenevar i tusental
slo inn i den våte muren.

Vassdrivet stod som ein fossesprut
kvar gong ein lyr eller sei drog ut
og inn på det turre hala.
Men han som fyrst kloa i storkveita slo,
laut påkalle hjelp både ein gong og to
før trygt ho i tanga sprala.
So dunga då fisken seg litt etter litt,
ja, jamvel dei minste var frampå med sitt,
som bladsild og småmakrelar.
Og då dei så trøytna og gav seg med kvart,
då synde det seg at det samanlagt vart
ei føring på fem pakk-kamelar.

Det vart vel ein kveld i Arabialand
med steinmura gruer på skjelkvit sand,
og fresing i steikepanna.
Kvar einskild fekk ete seg stappande mett
og sutalaust velje sin eigen rett,
og etterpå vanka det manna.
Men tett under land steig det bobler opp,
der Farao låg, den forvorpne kropp,
med hestar og generalar.
Og difor skal Herren skje takk og pris
som fører sitt folk på forunderleg vis
til song i Judea dalar!

~ Jakob Sande, fra Korn og Klunger (1950)