Tags

, , , , , , , , , ,

Korn og klungerJeg har vært på gjenbruken og funnet to gamle diktsamlinger av Jakob Sande (utgitt i 1950 og 1955). Jeg er blitt mer og mer glad i diktene hans, spesielt etter at jeg var på en Jakob Sande kveld i Dale i Sunnfjord. Der Sande kommer fra. Det var en engasjert mann som fortalte om Sande og jeg lærte mye som jeg nå kan se igjen i diktene. Jeg skal gi deg en smakebit fra noen av dem.

I Korn og klunger (1950) står det to dikt som gikk rett til hjertet på meg. Det første heter “Voggevise (frå havkanten)” og handler om en far som går ned med båten på havet. Akkurat det skjedde med min far. Det andre heter “Kvardagsheltar” og handler om krigsseilere, som min farfar.

Fishingboat in a storm av Hermann Herzog

Fishingboat in a storm av Hermann Herzog

Voggevise (frå havkanten)

Milde makter bak stjernebru
~ veik er ei vesal skute ~
vern den vesle mot havsens gru
~ far er ombord der ute ~

Stjerner, lys over leia hans
~ grunnbrot i natta blinkar ~
fyll hans augo med stjerneglans
~ draugar frå skjæret vinkar ~

Linne vindar stryk inn frå sør
~ skuta på skjæret driver ~
Kjæl hans kinn, gjev han lagleg bør
~ tung ho i hav seg hiver ~

Lange, duvande båredrag
~ stamnen står høgt i veret ~
vogg han lint når det lir av dag
~ jarnkjølen høgg i skjeret ~

Vogg han varleg og gjev han fred
~ skavlane glefser grådig ~
kvil deg, hav, no gjekk sola ned
~ Gud være sjela nådig ~

Krigsseilere ~ dagbladet.no

Krigsseilere ~ dagbladet.no

Kvardagsheltar

Dei bar ikkje snorer på blank uniform
der dei trassa seg fram gjennom eldhav i storm.

Det var menn av det vanlege slitarstand
frå byer og grender i Noregs land.

Men lell la dei ut mot ein domedag
medan dødsklokka skolv i kvart stempelslag.

Frå djupet kom varsel om dødsforlis
og dei kom ‘kje or klea på vekevis.

Dei stod avgrunnen nær mang ei redselsnatt
og såg vener i naud utan hjelp bli att.

Men neste gong er det dei det gjeld,
skuta bles opp i ein gjøys av eld.

Ender og då kjem ein livbåt inn,
fåmælte menn sine byltar finn.

Stridsmenn frå havet med ukjende namn,
snart legg dei ut att får næraste hamn.

*

Men ei skoddeblind natt på ei eisamd vakt
tar ein barneljos draum over myrket makt.

Fram stig vågen der heime med steinmura stø
der eit naust speglar gavlen i taregrodd sjø.

Der ligg gata og huset med messingprydd dør
medan heggen i hagen strør blomar som før.

Til dess draumen går under i klagande lengt:
Det var mitt, dette landet, og no er det stengt!

Då vert dødsstilla sprengd av ei dirrande røyst,
som eit sus over havet med svalande trøyst:

~ Kan du høyre vi ropar frå djupet i natt?
Vi gjekk ned, vi gjekk ned for å vinne det att.

Du skal sigle til døden, du veit det må til,
med deg sjølv og ditt liv må det gå som det vil.

 

SiriusI Sirius (1955) står det et dikt som Sande har skrevet om seg selv; “Slik vart min lodd”. Til slutt drakk han seg i hel om vi kan si det slik, og han har skrevet om kampen med flasken.

Slik vart min lodd –

Slik vart minn lodd: eg sit ved skrivebordet
og baksar med eit vanvyrd tungemål,
og dyrkar etter fattig evne ordet
som bondemannen dyrkar korn og kål.

Då er det freistaren med flaskeforet
kjem til og aukar mi elendes-skål
til røysta lyfter seg i dårekoret,
– eit jammerskrik til spott for Per og Pål

Fordømt, fordømt! Eg er min eigen fange
eg ser meg hjelpelaust i blinde stange
mot gråsteinsmurane i cella mi.

Å, blinde allmakt som la på meg børa
ta kalken frå meg, spreng den stengde døra
dei ropar på meg ute ~ slepp meg fri.