Tags

, , , ,

Av alle ting i universet,
skulle eg altså bli meg;
umuleg å halde fast,
umuleg å beskrive,
i den eine augneblinken lykkeleg,
i den andre djupt ulykkeleg.

Av alle ting i universet,
skulle eg altså bli
ein så ubestemmeleg figur.
Eit mysterium,
nei ikkje ein gong eit mysterium,
for mysterium har djupner,
og eg har ikkje djupner.

Av alle ting i universet,
skulle eg bli
ein ubetydeleg poet som lagar ubetydelege vers
i eit ubetydeleg land,
i ein ubetydeleg verdsdel,
på ein ubetydeleg klode.
og likevel gjer det meg så uendeleg glad og trist
å vere meg.

~ Finn Øglænd

(Utgitt i samlingen; Dei penaste jentene på tv, 2008)