Tags

, ,

Kvinner er som luker i ein julekalender,
eg er som eit barn med ivrige hender,
ein unge i sinn, den ivrige sorten,
som har rive opp luke tretten og fjorten.

Frå luke til luke, på jakt etter ein skatt,
luker vert opna og luker stengde att.
Det går fort i svingen, to luker ber nag,
eg opna luke nitten og tjue på ein dag

Eg har svikta luker, luker svikta meg,
til eg fann mi luke, eg passa til deg.
Eg opna den varsamt, for eg likte ho,
eg fekk det eg ville, eg slo meg til ro.

Det var luke tjuefire, herleg og sjelden,
for mannen i meg, var ho julekvelden.
Ho var luka i mitt liv, me passa i lag,
men så kom første og andre juledag.

~ av Jon Hjørnevik
fra I ein sofa frå Korea