Tags

, ,

Då Titanic la ut frå Southampton, var det sjølvsagt stas,
men for dei som styrte med det, var det sikkert mykje mas,
og ikkje visste dei at alt styret fekk Oscar-pris,
for ein film om det trygge skipet, som tryna i ein is.

Då Hitler gjekk inn i Polen, kva tenkte han på då,
me prøve no med det og så får me sjå.
Tenkte Adolf Hitler, at no skjer det litt for fort,
og at det med Polen skulle eg aldri gjort?

Då Armstrong stod på månen, kva tenkte han på då,
sakna han ei dame, eller eit program han ville sjå?
Tenkte han som så, at kva faen gjer eg her,
det er drita kaldt, dårleg vêr og ingenting som skjer.

Då ein kompis av meg gifta seg, kva tenkte han på då,
han sakna nok andre damer og program han ville sjå,
og det var som eit Titanic, han reiste seg frå stolen,
gapa opp og svara ja, til Natasja ifrå Polen.

~ av Jon Hjørnevik
fra I ein sofa frå Korea