Tags

,

Dagens boktema hos Anette er: «Mitt beste bokminne fra barndommen», og mitt beste bokminne er Mio min Mio. Jeg husker ikke hvor gammel jeg var da jeg først fant den, men den har blitt lest utrolig mange ganger.

Fra Wikipedia:

Mio, min Mio er Astrid Lindgrens roman om ein foreldrelaus gut som ikkje føler seg heime i Stockholm, og som i staden finn ein far, ein venn og ein heim i Landet i det fjerne.

Bo Vilhelm Olsson, eller bare Bosse, er eit adoptivbarn som ikkje trivst med foreldra sine, namnet sitt, eller livet sitt. Ein dag mens han sit på ein benk i Tegnérlunden finn han ei flaske. Han opnar henne og ut kjem ein ande. Ein ande som kjem frå Landet i det fjerne. Bosse får følgje med anden til Landet i det fjerne, og der treff han den eigentlege faren sin, Far Kongen. Men far hans kallar han for Mio, for det er det verkelege namnet hans.

I Rosengården treff han ein gut som heiter Jum-Jum, som likner heilt på vennen Benka heime i Stockholm. Alt er vidunderleg i Landet i det fjerne, men sorgfuglen fortel at alt ikkje er som det skal. Den vonde Kato har teke born til fange og gjort dei om til fuglar som i all æve skal sirkle rundt den store svarte borga hans. Saman rir Mio og Jum-Jum i veg på hesten Miramis for å slåst mot Kato.

Boka Mio, min Mio av Astrid Lindgren (1954) vart illustrert av Ilon Wikland. Boka kom på norsk med same tittel i 1955.