Tags

, , , , ,

flyktningerVi lever i skiftande tider
Der mennesker er på flukt
Frå ufred og splid og strider
Vi ser at det er heilt sjukt
Så kjem dei heilt inn i bygda
Kva skal vi møte dei med
Skal vi vere redde for trygda
Eller skal vi gje dei fred

Men tenk om dei ikkje er gode
Tenk om dei fer med fant
Skal vi liksom bruke haudet
Eller stå opp for det som er sant
Så gje dei ein flik av ditt hjerte
Og gje dei eit snev av di tid
Og prøv å forstå deira smerte
Prøv å sjå kor dei lid

Ville du setje livet på spel
Og reise frå land til land
Og ta det som vert deg til del
Og rette ut tiggarhand
Om ikkje det var utav naud
Eller annan tvingande grunn
Å ta det som framandmann baud
For å mette dei nære sin munn

Så tenk på kor godt vi har fått det
Her nord i eit kristent land
Men kva er det verd om vi ikkje kan gje
Og vise ei venleg hand
Om vi møter dei nye landsmenn
Med brann og ukvemsord
Må eg bruke min nedstøva penn
Og stydje min nye bror

Den Gud eg har lært å kjenne
Utav det skrivne ord
Har lært meg å hjelpe å tende
Eit lys for den svake bror
Det eg måtte makte å gjere
Mot ein av dei minste eg ser
Vil vise korleis eg vil vere
Meir enn dei bøner eg ber

Kva godt har den glade bodskap
Fått gjere blandt oss som trur
Eller er det berre ein dårskap
Der egoet ligg på lur
Nei, lat oss ta bodet på alvor
Og elska kvar og ein
Om så det er ein halvbror
La kjærleiken vera rein

Ronald Dalsbø desember 2015

piggtrad

Lagre