Tags

, , , , , , , , , ,

Autumn-Storm-by-Karen-Parker

Autumn Storm av Karen Parker

D’ er haust. Det ruskar ute
med regn og kalde vind.
Småfuglen flyg mot rute
og ville gjerne inn.
Men under omnen god
der ligg på sekkepute
han gamle Mons i ro.

Der ligg han trygg og drøymer
og blinkar stilt og smått
og alt i verdi gløymer
og hev det varmt og godt.
Og seier ingen ting,
men liksom inn seg gøymer
med rova sveipt ikring.

Cat on pillow

~ via dailypainters

Som silkenøste fine
han ligg i mjuke skinn
med svevn i kvar den mine
og alle klørne inn.
Og gløymer likesæl
med kloke augo sine
og murrar smått og mél.

Skal vita kvar du vankar
i blide draumar no?
Kan hende dine tankar
seg svæver lint til ro
I gammal minne-krins,
som stilt i hop seg sankar
frå den tid du var prins?

The-Prince-Matt-Damon-Painting

~ via neyeni.net

Venaste prins i verdi
du gjekk i skogen grøn,
med gullhår over herdi
og ung og keik og kjøn,
og tenkte på den møy
som gjekk og henta bæri
så vide under øy.

Då kom den trollheks blide
med sving og sveiv og svins
frå trollheimen vide
og såg den vene prins.
Men skremd han frå ho skvatt.
Då las ho trollbøn stride
og gjorde han til katt.

witch_painting1

~ via jaanaheiska

Sidan så vidt han flakkar
igjennom skog og skar,
langt over berg og bakkar,
og kjem til okkons gard.
Her kan i ro han døy.
her vil han kvile, stakkar,
og tenkje på den møy.

Å hu! Det ruskar ute
med regnvind sur og grå:
småfuglen flyg mot rute
og liksom bankar på.
Men under omnen god
du Mons på sekkepute
skal drøyme longt i ro.

~ Arne Garborg

Cat on a Yellow Pillow av Franz Marc

Cat on a Yellow Pillow av Franz Marc