Tags

, , , , ,

Ingen ville ha meg,
det var slett ikkje bra,
untatt meg sjølv,
det skal eg ha.
Eg fridde til meg
då gjekk det bra,
for svaret eg fekk,
var eit klokkeklart «ja».

Det vart borgarleg bryllup,
det passa i grunn’,
for eg og meg
har budd saman ei stund.
Det vart storfest i heimen,
og bryllupsreiseplanar,
men kjærleiken rustar
av inngrodde vanar.

For dagen derpå
kom det tvil inn i meg,
det heile gjekk gale,
det skjønte då eg.
Eg vart fortvila,
eg vart forbanna,
på meg som gjekk rundt
og var klar for ei anna.

Det vart kjensler og tårer,
eg var deppa og svak,
det vart krangel og husbråk
og skilsmissesak.
Men ingen vil gi seg
og kasta sin klut,
for eg og meg kranglar
om kven som må ut.

~ av Jon Hjørnevik
fra Den vanskelege andreboka

Two people arguing av Alberto Ruggieri

Two people arguing av Alberto Ruggieri