Tags

,

Den galne Guten min Hug hev dåra,
eg fangen sit som ein Fugl i Snåra;
den galne Guten, han gjeng so baus;
han veit, at Fuglen vil aldri laus.

Å giev du batt meg med Bast og Bende,
å gjev du batt meg, so Bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg,
at heile Verdi kom burt for meg!

Ja kund’ eg trolla og kund’ eg heksa,
eg vilde inn i den Guten veksa,
eg vilde veksa meg i deg inn
og vera berre hos Guten min.

Å du, som bur meg i Hjarta inne,
du Magti fekk yver alt mit Minne;
kvart vesle Hugsviv som framum dreg,
det berre kviskrar um deg, um deg.

Um Soli lyser på Himlen blanke,
no ser ho deg, det er all min Tanke;
um Dagen dovnar og Skoming fell:
skal tru han tenkjer på meg i Kveld?

Arne Garborg

Haugtussa